Barn og ungdom

Rune Belsvik fyller 60 år. Ein kjenslenes forfattar

RuneBelsvik
Rune Belsvik fyller 60 år 14. april. Vi gratulerer!

14. april fyller den særeigne, produktive og prisbelønte forfattaren Rune Belsvik 60 år. Vi gratulerer!

Rune Belsvik (1956) er fødd i Haugesund og oppvaksen på Stord. Han bur no i Randesund ved Kristiansand. I 1979 debuterte han med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for. Sidan har han skrive meir enn 40 bøker og fått utallege prisar. Mange assosierar han med bøkene om Dustefjerten og andre fortellingar for barn, men han har og skrive ei rekke bøker for ungsdom og vaksne, og befatta seg med både dramatikk og dokketeater. Ei av dei siste bøkene hans, Verdas søtaste turist,vart nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2015.

Dustefjerten

 

Dustefjerten og den store marsipanfesten er ei forteljing om små hendingar og store tankar. Ei forteljing om vennskap og feller. Du vil få vita korleis det er å invitera inn ein spade om kvelden, kor lurt det er å pynta seg, kor det blei av dei som blei borte, og kor festleg det blei til slutt alt saman.

Lytt til boka

Ein kjenslenes forfattar

Rune Belsvik er ein meister i å skildre kjensler; vare, gode, vonde. Han skaper dei mest originale og elleville univers og små samfunn, bebudd av pussige karakterar, ikkje ulike deg og meg. Belsvik er og ein stor humorist og språkfornyar. Og ingen skodespelar les bøkene hans betre enn forfattaren sjølv. Cecilie Gitmark Ugland i Fædrelandsvennen beskriv Rune Belsvik slik: … en forteller av rang (…) behersker skrivekunsten til det fulle..».

Kjærleiken og Verdas mest forelska par

Verdas mest forelska par er min personlege favoritt blant alle Belsviks bøker. Historia om Bidger og Esmeluni handlar om paret som i følge Aftenpostens Kaja Korsvold «…viser oss og verden hva virkelig kjærlighet er…» Berre navnene aleine – Bidger og Esmeluni, setter lesaren i rett stemning, og innleiinga i denne lille boka er poetisk og vakker:

Verdasmest

«Alle stader i verda finst det forelska par. I dei største byar og dei minste bygder. Alltid er det eit forelska par der. Berre følg nøye med der du bur. Høyr etter kviskring og fnising. Sjå etter to som går tett saman under ein paraply. Dei finst over alt. Dei to som er så forelska at ingenting anna betyr noko for dei (…) sat og såg kvarandre inn i augo. Det var den finaste utsikten dei visste om».

 

Lytt til boka

Ei anna leseverdig bok om «jakta på kjærleiken» er Kjærleiken er eit filmtriks (Samlaget). Handlinga skildrar den unge og søkande Arne Bru i pubertale rivningar. I møte med Guro drøymer og lengtar han etter erotikk og kjærleik..:

«Ho sakka farten. Me gjekk saman. Me visste det, begge to. At snart stod me i natta med nevane overalt på kvarandre. Snart skulle me gjera det godt. Me skulle sukka og stønna. Me skulle bita litt. Me skulle gløyma den kjølige natta og skulen og ungdommen og heile driten. Me skulle rasa inn i kroppane sine lystar. Syga på kvarandre. Dunka mot ein vegg eller ein telefon-stolpe. Knalla mot kvarandre. Daska og sveitta. Guro skulle stønna.»

 

Prisbelønt

Det er mangt og mykje ein kunne skriva for å heidre ein stor og særeigen forfattar som Belsvik ved eit slikt jubileumshøve. Men eg let dei kjenslerike og kjærleiksfylte bøkene hans tala i dag. Og så høver det bra å lyfte fram lista over alle prisane som gjennom åra har blitt han vel fortjent til del:

1980 Noregs mållags pris for debutbokaIngen drittunge lenger
1984 Cappelenprisen
1984 Melsom-prisen
1988 Kulturdepartementets spesialpris forAlle dei fine jentene
1994 Sunnmørsprisen for Dustefjerten og den store marsipanfesten
1994 Kulturdepartementets litteraturpris for Dustefjerten og den store marsipanfesten
1996 Kritikerprisen for Dustefjerten og den store vårdagen
2000 Brageprisen for beste ungdomsbok forEin naken gut
2000 Nynorsk litteraturpris for Ein naken gut
2003 Kulturdepartementets litteraturpris for Dustefjerten og den store sommarferieturen
2007  Teskjekjerringprisen
2013 Ordknappen for boka Ein heilt vanlig fyr
2015 Nominert til Kritikerprisen for beste barne- og ungdomsbok utgitt i 2014 forVerdas søtaste turist

Skrevet av Anne Østgaard

 

0 comments on “Rune Belsvik fyller 60 år. Ein kjenslenes forfattar

Leave a Reply

%d bloggers like this: